Vetti til Turtagrø Matta1379 juni 1, 2022
Vetti Gard via Skogadalsbøen opp Fannaråken til Turtagrø
Turbeskriving
Frå Vetti Gard følgjer du den gamle stølsvegen og stien bratt opp til utløpet av Vettisfossen og Vettismorki. Ved vegskiljet tek du vidare mot Sletterust (evt. ein avstikkar til toppen av Vettisfossen).

Frå morki held stien fram i kupert terreng over myr og elver, gjennom Fleskenosdalen og via Friken på 1503 moh. Stien går rett nok 150 m under toppunktet, men toppen av Friken er vel verdt eit ein avstikkar. Herfra går stien slakt vidare via kryssningspunkta Uradøla og Skogadøla før du når Skogadalsbøen på 844 moh.

Første dagsetappe: ca 6 timar

Frå Bøen går ruta vidare gjennom skogen fram til Storebrui, og vidare til stidele til Olavsbu og Leirvassbu på østsida av brua og på vestsida til Turtagrø og Fannaråkhytta. Herfra følgjer du stien opp Gjertvassdalen, forbi Gjertvatnet og opp til Keisarpasset. Her kjem du til stidele for ruta vidare til Turtagrø og tar av mot høgre og vidare bratt opp mot Fannaråknosi. Første del av oppstigninga er noko ulendt og vidare ofte på snøfonner spesielt tidleg på sesongen. I nærleiken av Fannaråkbreen kjem du til nok eit stidele for ruta over breen til Sognefjellshytta/Krossbu, men her skal du inn på stien på platået fram til hytta på toppen Fannaråken og noregs høgstliggande turisthytte på 2069 moh.

Andre dagsetappe: ca 6 timar

Siste etappe frå Fannaråkhytta til Turtagrø går i steinete, men tydeleg og noko bratt nedstigning til du kjem til bekken nedanfor Ekrehytta. Herfra nedover til Helgedalsbotnen og over på grusveg innover Helgedalen på nordsida av elva til du når parkeringsplassen ved Turtagrø Hotel.

Tredje dagsetappe: ca 3 timar

For meir informasjon og detaljert turinfo: dnt.no / ut.no

Om turen
  • Start: Vetti Gard
  • Km: 39 km
  • Sesong: Juni – September
  • Høgdeskilnad: 320 moh – 2069 moh
  • Gangtid: 2 dagar med overnatting på Skogadalsbøen og Fannaråken
  • Vansklighetsgrad: Ekstra krevjande

Høydepunkter i Vettisriket

Norrøna på turbesøk på Vetti Gard

I samanheng med Norrønas 90-års jubileum hadde me gleda av å ynskje teamet deira og 8 lojalitetsmedlemar velkomen på Vetti Gard.

Dramatisk natur på nært hald

Ein tur inn Utladalen, med utgangspunkt i Hjelle, gjev deg noko av det mest dramatiske norsk natur har å by på i løpet av kort tid.

4 opplevingar som er verdt ein omveg

Vettisriket gir deg fire opplevingar i Indre Sogn som verkeleg er verdt ein omveg. Desse opplevingane byr på større X-faktor.