Avdalen Farm Matta1379 juni 15, 2022
Avdalen Gard
Turbeskriving

Gå på Folkevegen frå Hjelle i Utladalen til du har passert Avdalsbrui. Herifrå tek du til venstre på god sti opp til Avdalen. Om sommaren er Avdalen gard betjent med moglegheit for overnatting og kjøp av mat.

Avdalen fjellgard ligg vakkert til i Utladalen, like ovanfor den storslagne Avdalsfossen. Fråflytta i 1962 og resturert frå 1991 i regi av Årdal Turlag. I dag framstår garden som flott restaurert av alle hus og kulturlandskapet. Avdal Gard tilbyr full servering,  30 sengeplassar, dusj og tørkerom. Utanom sesongen er det ubetjent (DNT nøkkel).

Om turen
  • Start- og sluttpunkt ved Hjelle
  • Parkeringsplass ved Hjellefossen
  • Infotavle v/parkeringsplassen
  • Høgdeskilnad: 75–380 moh.
  • KM T/R: 5
  • VANSKELIGHEITSGRAD: LETT TUR