Bøttejuvet Matta1379 april 26, 2022
Bøttejuvet (1322 moh)
Turbeskriving
Utsikta frå Byttejuv er noko av det villaste du kan oppleva! Med panoramautsikt til Hurrungane i Jotunheimen, Øvre Årdal og 1320 meter rett ned i det smaragdgrøne Årdalsvatnet.

Frå Hæreidsvassbugen fylgjer du grusvegen som etter kvart går over til sti i lett terreng langs Årdalsvatnet til Lindvikgjerdet. Herfra er det skilta opp til venstre mot den gamle fjellstølen i Lindvikdalen. Nokre hundre meter frå Lindvikgjerdet går det nokså bratt oppover fjellsida mot den gamle fjellstølen i Lindvikdalen. Deretter går stien noko slakare vidare opp mot Skaret og den store varden.

Frå varden tar du til høgre mot Skorsfjellet og Byttejuv. Her er ikkje merkt sti, men lett og fint terreng og du vil etter kvart få auge på den store varden ved Skorsfjellet på 1320 moh.

Denne turen er lagt opp til å gå same veg tilbake, men du kan også velje å gå frå Bøttejuv og ned i Seimsdalen, evt returnere til Skaret og gå via Gjerdenosi tilbake til hotellet. Du kan også nå Byttejuv tur/retur Strupesvingen i Seimsdalen med ei gangtid på 3-4 timar.

For utfyllande turomtale sjekk ut boka «På tur i Årdal» av Johnny Asperheim

 

Om turen
  • Start: Hæridsvassbugen
  • Km t/r: 18,8 km
  • Sesong: Juni – September/Oktober
  • Høgdeskilnad: 7 – 1320 moh
  • Gangtid t/r: 10t
  • Vansklighetsgrad: Ekstra krevjande