Kvitingsmorki Matta1379 april 26, 2022
Kvitingsmorki
Turbeskriving
Turen går i bratt skogkledd natur med fin furuskog. Rett etter Kloppemyri ser me Kvitingsmorki. Dette er òg Vestlandets høgstliggjande furuskog. Oppe mot høgfjellet ber landskapet preg av urskog. Her oppe finn du alle dei fire klovdyra våre – elg, hjort, rådyr og rein. Dette er eit landskapsvernområde.

Meir informasjon finner du på www.visitardal.no

Om turen
  • Start- og sluttpunkt: Kvitingssagi ved fylkesveg 53, om lag midt mellom Timreskred- og Bermålstunnelen
  • Parkering ved fylkesveg 53
  • Infotavle ved parkeringsplassen
  • Høgdeskilnad: 5–820 moh.
  • Tidsbruk: t/r 4 timar
  • KM T/R: 8,4