Vetti Gard via Stølsmaradalen og Avdalen til Hjelle
Her går det bratt oppover til du kjem inn på ruta til Avdalen i skoggrensa, vidare i slakt terreng over Stølsmaradøla og vidare ned til hytta i Stølsmaradalen.
Frå Stølsmaradalen går du same sti tilbake, men held fram på ruta mot Avdalen ved stidelet i lett terreng fram til underkanten av Fuglenosi. Herfra skal du ned 550 høgdemeter til Avdalen Gard. Frå garden er to alternative ruter vidare ned til Hjelle; Avdalsskåri med enkelte utsette og luftige parti eller den langt meir oppgåtte og tryggare stien ned mot Folkevegen og transportetappen vidare til Hjelle. Ved Utladalen Naturhus er det sommaropen kafe med muligheiter for å kjøpe ein kopp kaffe og noko åttåt.
For utfyllande turomtale og alternative ruter sjekk ut boka «På tur i Årdal» av Johnny Asperheim.
- Start: Vetti Gard
- Km: 14 km
- Sesong: Juni – September/Oktober
- Høgdeskilnad: 320 - 1014
- Gangtid: 6-7 timar
- Vansklighetsgrad: Krevjande
Høydepunkter i Vettisriket
I samanheng med Norrønas 90-års jubileum hadde me gleda av å ynskje teamet deira og 8 lojalitetsmedlemar velkomen på Vetti Gard.
Ein tur inn Utladalen, med utgangspunkt i Hjelle, gjev deg noko av det mest dramatiske norsk natur har å by på i løpet av kort tid.
Vettisriket gir deg fire opplevingar i Indre Sogn som verkeleg er verdt ein omveg. Desse opplevingane byr på større X-faktor.