Vetti til Sognefjellet Matta1379 juni 1, 2022
Vetti Gard via Skogadalsbøen til Sognefjellshytta
Turbeskriving
Frå Vetti Gard følgjer du den gamle stølsvegen og stien bratt opp til utløpet av Vettisfossen og Vettismorki. Ved vegskiljet tek du vidare mot Sletterust (evt. ein avstikkar til toppen av Vettisfossen).

Frå morki held stien fram i kupert terreng over myr og elver, gjennom Fleskenosdalen og via Friken på 1503 moh. Stien går rett nok 150 m under toppunktet, men toppen av Friken er vel verdt eit ein avstikkar. Herfra går stien slakt vidare via kryssningspunkta Uradøla og Skogadøla før du når Skogadalsbøen på 844 moh.

Første dagsetappe: ca 6 timar

Frå Bøen går ruta vidare gjennom skogen fram til Storebrui, og vidare til stidele til Olavsbu og Leirvassbu på østsida av brua og på vestsida til Turtagrø og Fannaråkhytta. Følgj så retning opp mot nord og over Kongsdøla og Steindøla, og videre opp til stidelet til Krossbu. Her tar du til venstre og fylgjer vidare godt merkt DNT rute mot nord til Sognefjellshytta. Stien er lettgått, men det er ein rute med mykje stigning.

Andre dagsetappe: ca 4-5 timar

For meir informasjon: dnt.no / ut.no

Om turen
  • Start: Vetti Gard
  • Km: 26,9 km
  • Sesong: Juni – September
  • Høgdeskilnad: 320 moh – 1400 moh
  • Gangtid: 2 dagar med overnatting på Skogadalsbøen
  • Vansklighetsgrad: Ekstra krevjande

Høydepunkter i Vettisriket

Norrøna på turbesøk på Vetti Gard

I samanheng med Norrønas 90-års jubileum hadde me gleda av å ynskje teamet deira og 8 lojalitetsmedlemar velkomen på Vetti Gard.

Dramatisk natur på nært hald

Ein tur inn Utladalen, med utgangspunkt i Hjelle, gjev deg noko av det mest dramatiske norsk natur har å by på i løpet av kort tid.

4 opplevingar som er verdt ein omveg

Vettisriket gir deg fire opplevingar i Indre Sogn som verkeleg er verdt ein omveg. Desse opplevingane byr på større X-faktor.